Minimalisme har vore ein trend ei stund nå. Praksisen kan føre til ein meir mindful og miljøvenleg livsstil. Kva med å ta i bruk ideane om minimalisme i korleis Power-plattformen vert brukt? Nå som det straks er sommarferie og livet vert mindre travelt, kan det vere ei perfekt tid for litt opprydding. Her er sju av mine favorittips for ein meir mindful plattform. 

  1. Fordeling av ansvar
    Kven gjer kva. Det er mange roller som skal fyllast i (P)BI-verda. Lag ei klar fordeling av kven som er ansvarleg for tilgjengelegheita av data, administrasjonen av tilgang osv. for å unngå forvirring og at oppgåver faller mellom to stolar. Og når me først er inne på det…

  2. Ha få administratorar
    Mange kokkar mykje søl. Ofte har arbeidsområder (workspaces) mange administratorar fordi nokon berre raskt ville ha tilgang. Gje dei ei anna rolle. Administratorrettane bør avgrensast til dei som er ansvarlege for tilgangen i arbeidsområdet og som har ferdigheitene og mandatet til å utføre administrative oppgåver. Dette er ofte ikkje ein manager eller teamleiar.

  3. Slett innhald
    Ut med det som er irrelevant. Ei rettesnor er å berre ha innhald publisert på plattforma som blir brukt på ein eller annan måte. Ofte blir testar og sandkasserapportar publisert og deretter gløymd, og ingen finn det viktig nok til å slette dei. Men slik skapar du ein overfylt og rotete plass. Ha ein regelmessig sjekk av arbeidsområde og fjern innhaldet i dei som ikkje tener nokon.

  4. Beskrivande titlar
    Hald det enkelt. Hald deg til enkle og beskrivande titlar som kan forståast på tvers av selskapet. Særleg for arbeidsområdene som alle kan sjå i sin meny. Unngå forkortinger der det er mogleg. Tittelskapinga fungerer òg som ei påminning om å ha ein rød tråd og gruppere rapportar som høyrer saman.

  5. Vedlikehaldsplan
    Vedlikehald er hjarteslaget til pålitelegheit. Lag ein vedlikehaldsplan for kor ofte innhald og tilgang bør vurderast. Kva skjer om ein utviklar sluttar eller får ei ny stilling? Korleis sikre at ei auke i rapportar blir støtta av den tilgjengelege kapasiteten? Korleis blir store endringar kommuniserte. Som med alt, hald det enkelt, men sørg for at viktige spørsmål for selskapet ditt blir ivareteken.

  6. Del innhald 
    Del kunnskapa. Business Intelligence handlar om å samarbeide og dele. Ver medviten om korleis du sikrar at innhald blir delt med alle det ville vere nyttig for utan å dele data med nokon som ikkje bør ha tilgang. Dette kan vere til nytte på fleire måtar, og kanskje ein unngår å lage nye rapportar om noko liknande allereie finst og berre treng nokre tillegg. Om bruken av rapportar generelt er låg, bør du kanskje forbetre di…

  7. Readme-fil
    Gje innblikk. Når kollegaene dine har tilgang til alt det flotte innhaldet i PBI tenesta og beskrivande titlar leier dei mot dei rette arbeidsområda og rapportane, kan det framleis vere vanskeleg å vite kva ein rapport verkeleg handlar om. Readme-filer i form av eit dashbord festa som den første sida av eit arbeidsområde kan vere til stor hjelp her. Skildre målet med innhaldet, korleis det bør brukast og kven som er ansvarleg for det.

 

Vil du lære meir om plattformstyring, korleis desse praksisane er relevante for rapporten sjølv eller andre moglegheiter innanfor Business Intelligence? Nøl ikkje med å kontakte meg eller oss hos i Holte Consulting! 

Elisa Elmies er rådgivar innan Data & Analyse hos Holte Consulting. Ho elskar å hjelpe folk til å få meir ut av dataen sin og har ei svakheit for Business Intelligence.